VELKOMEN

Kulturgardar i Gudbrandsdalen tilbyr kultur, mat & opplevingar heile året
Vi tek imot selskap, overnatting, kurs og arrangement og skreddersyr pakker etter ønskje. Faste arrangement er Gardmillom kvar sommar og Førjulstid Gardmillom i desember. I tillegg er det fleire spennande arrangement på gardane i løpet av året.

Nytt frå oss
Sheep o Høy 11. september
Laurdag 11. september er det aktivitetsdag v/sødorptunet frå kl 11.00 med sau og lokal mat.
Bondeaction på sitt beste med klyppeshow, dans og fest på Rudi Gard frå kl 18.00. Les meir her.



Kvar månad presenterer vi ein av gardane, i august er det Sygard Grytting, Sør-Fron
Gjennom minst 700 år har Sygard Grytting tilbydt nattely for faste- og  vegfarande  gjester langs  hovudvegen  Oslo - Nidaros.
I det alderdommelege tømra tunet, som kan gje assosiasjonar til I kongsgarden i eventyret, tilbyr vi i dag eksklusiv historisk overnatting med måltider og opplevingar av to historiske epokar:
Mellomalderherberge  frå omkring 1300. Historisk hotell i gardens originale tømra storgardsbygningar frå 1650-1860. Drengestua/ karstugu, fungerer som "suite" under hotellet, og har også fullt utstyrt kjøkken. Utanom sommarferien vert ”hotellet” hovudsakleg brukt  til lukka arrangement: møte, representasjon, bryllup og jubileum. Festsalen  (”høgstugu”) er møterom. 

I ei bok frå 1996 om historiske norske  trehotell står:
”I dag er Sygard Grytting et av landets vakreste og mest særpregede småhoteller” ”Nå til dags er det få garder igjen i Gudbrandsdalen der så mange av de gamle husene fremdeles står, og dessuten er så godt bevart og pietetsfullt istandsatt som her”.
Les meir om Sygard Grytting her.


GARDMILLOM
FØRJULSTID GARDMILLOM
OVERNATTING
ARRANGEMENTSKALENDAR
GRUPPER & STUDIETURAR
KART - HER FINN DU OSS


Kulturgardar i Gudbrandsdalen
Pb 39, 2675 Otta
E-post: post@gardmillom.no





Kontakt
Cecilie Asp, dagleg leiar
Tlf + 47 920 34 965

E-pst: post@gardmillom.no







          

webdesign kreative.no        2010©Kulturgardar i Gudbrandsdalen